Vi tilbyr ei rekke tenester for deg som hytteheigar. Nokon av desse finn du under, andre tilpassar vi etter avtale.

Snømåking

Vi måkar snø av hyttetak, innkøyrsle, inngangspart, innkjørsel, balkong, campingvogner m.m.
Hvor mye snø tåler taket? (BYGGERN) Tåler taket ditt tung snø? (VI VILLA)
Snømåking av tak på hytte kr 40,- pr. kvm (maks 1m og ikkje is)
Snømåking av tak på campingvogner 650,- pr. vogn
Anna snømåking for hand kr. 760,- pr. time.

Enkelttilsyn ved behov/ekstratilsyn

Tilfelle der du sjølv gjev beskjed når tilsyn skal utførast. Til dømes sjekke om straumen er slått av, om du har gløymt å låse dører, lukke vindauga ved avreise osv.
Kr 500,-

Vedlikehald

Utvendig og innvendig måling/beising, og snekkertjenester. Om det er noko vi ikkje har kompetanse til å utføre, har vi eit godt kontaktnettverk i nærområdet.
Vedlikehold og diverse kr 760,- pr time.

Levering av ved

Vi leverar ved rett til hyttedøra di.
Ta kontakt for pris.

Nøkkeloppbevaring

Vi oppbevarar din nøkkel eller ekstranøkkel for deg, og leverar den ut når du treng den.
Fastpris pr. år, kr 1000,-
Ulteveringskostnad per gang, kr 500,-

Oppvarming av hytte

Kom til varm hytte. Vi kan t.d. sette på varmekablar/el-ovnar/varmepumpe.
Kr 500,-

Innkjøp og leveringa av dagligvarer

Vi kjøper inn dine dagligvarer og leverar dei på hytta.
Kr 600,-

Beising/måling

Vi tek på oss beising-/målingsoppdrag
Ta kontakt for pristilbod.